Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Storbritannia tok med store fiskekvotar ut av EU. No er ein ny storkonflikt i emning i Svalbardssona.

Får me ein ny torskekrig?

STORFANGSTEN: Storbritannia tok med seg cirka 25 prosent av fiskekvotane ut av Unionen. Litt av dette vil EU ta tilbake ved å trappe opp fisket i Svalbardsona til 28.431 tonn torsk i 2021. FOTO: BEN STANSALL, AFP/NTB BEN STANSALL

Det er ikkje uvanleg at innbyrdes EU-krangel om fisk fører til krav om større kvoter i Barentshavet. Og fordi dei rikaste fiskefelta ligg rundt Svalbard har dette sett den 200 mils norske fiskevernsona rundt øygruppa under hardt press sidan den vart oppretta i 1977.