Vakre tablå, men ein presentasjon fattig på nyansar.
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Christopher Hampton.
Omsett av: Birgitte Strid.
Regi: Terje Skonseng Naudeer.
Scenografi og kostyme: Birgitte Strid.
Lysdesign: Johan Haugen.
Med: Gørild Mauseth, Sigurd Sele, Julie Sofie Reite, Inga Ibsdotter Lilleaas, Kristoffer Hjulstad, Gretelill Tangen, Cecilie Jørstad og Stein Elvestad.
I det før-revolusjonære Frankrike dreiv adelen i si uuthaldelege keisemd eit farleg og kynisk spel om makt der hemn og seksuell forføring var ingrediensane. Dette skreiv den engelske dramatikaren Christopher Hampton om i dramaet «Les liaisons dangereuses» frå 1985, basert på ein to hundre år gamal fransk roman med same namn. I 1988 kom filmen, som på norsk fekk namnet «Farlige forbindelser», med ei casting frå øvste hylle i Hollywood, og så blei historia godt kjend for alle.