Japansk meister tar europeisk kvileskjer.
(La Vérité, Frankrike, 2019)
Regi: Hirokazu Kore-eda
Med: Catherine Deneuve, Juliette Binoche, Ethan Hawke
Lengde: 1 t. 46 min.
Den franske filmdivaen Fabienne (Catherine Deneuve) har skrive memoarar, og dottera, tv-manusforfattaren Lumir (Juliette Binoche), kjem frå New York til Paris frå for å feira – eller kanskje mest for å konfrontera – mora. Sjølvbiografien har same tittel som filmen, «Sannheten», og ikkje uventa betyr både boka og omgrepet ulike ting for mor og dotter. Lyg den subjektive forfattaren Fabienne friskt, ikkje berre om å ha neglisjert dottera, men om å ha gått over lik for å få den posisjonen ho har? Eller har den foruretta Lumir omarbeidd «manuset» til si eiga barndomshistorie i minnet?