BERGEN: Bergen kommune ber nasjonale styresmakter om at større byggjeplassar skal omfattast av koronanedstenginga denne veka. Kommunane har vendt seg til Helsedirektoratet og Statsforvaltaren. Bakgrunnen er «ein berettiget uro», sa Beate Husa (KrF), byråd for eldre, helse og frivilligheit, på ei pressebrifing i går. Det er utbrot av både den britiske og sørafrikanske koronavarianten i Bergen samtidig. Smitten blir knytt i stor grad til byggjeplassane Fantoft stasjon og Kronstad stasjon. Den første har mange arbeidarar, medan Kronstad er ein mindre byggjeplass. – Vi ber alle som har vore på dei to byggjeplassane, om å teste seg, seier Husa. ©NPK