Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Båten

  • Bokbåten MS Epos, som sigla gjennom vestlandske fjordar for å gje bokglede til ungar i alle dei små fjordarmane, måtte dra inn årene – eller kanskje ikkje årene, han bruker motor – fordi Vestland fylkeskommune i fjor sommar ikkje såg seg råda til å halde fram med å bruke dei 2,5 millionar kronene det kosta å halde båten i drift. Fylkeskommunen må kutte store summar i alle driftsområde. Det har vore bokbåtar på Vestlandet sidan 1959, eit bibliotek for dei som ikkje har vanlege bibliotek eller kulturtilbod i nærleiken. MS Epos har hatt vakta sidan 1964.