TREFF: Equinor har gjort årets første funn på norsk sokkel, med leteprospektet Røver Nord i Nordsjøen. Funnet er gjort i utvinningsløyve 923, opplyser Equinor fredag. Partnarar er DNO Noreg, Petoro og Wellesley Petroleum. Dei utvinnbare ressursane er anslått å vere mellom 7 og 11 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar, tilsvarande 44–69 millionar fat oljeekvivalentar. Det nye funnet føyer seg inn i rekkja av funn i Troll/Fram-området dei siste åra. I 2019 kom Echino, så følgde Swisher i 2020. Storleiken på funna til saman kan allereie måle seg med samla produksjon frå felt som Valemon, Gudrun og Gina Krog, opplyser Equinor. ©NPK