Slutt å oppmuntra og å løyse problem.
Å oppdra ungar er ikkje lett. Dei aller fleste av oss (kanskje alle, eigentleg) gjer så godt me kan. Eg var ein del sint dei første åra. Det var frykteleg vanskeleg å ha ansvar for to små ungar, vere i full jobb og ha ein mann som alltid jobba litt meir enn avtalt. Eg kjefta, og eg hissa meg opp.