Dødsromantikk og kjærleikstragedie.
(Été 85, Frankrike, 2020)
Regi og manus: François Ozon, etter Aidan Chambers’ ungdomsroman «Dance on My Grave»
Med: Félix Lefebvre, Benjamin Voisin, Philippine Velge, Valeria Bruni Tedeschi, Melvil Poupaud
Lengde: 1 t. 41 min.
Vist på: Opne kinoar
«Sommeren ’85» er i si kjerne eit kjent identitets-melodrama om den første, smertefulle døden og kjærleiken, om den kjenslevare 16-åringen Alexis’ (Félix Lefebvre) lagnadstunge møte med den 18-årige naturkrafta David (Benjamin Voisin). Med å la dei tidlause hendingane spela seg ut i 1985, har regissør François Ozon (53) kanskje også laga filmen han sjølv gjerne skulle sett då han var i dei mest krevjande tenåra. Det vitnar handteringa av den homoseksuelle tematikken og det presise stemningsbildet frå 80-tals ungdomsliv om.