Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den visuelt storslegne «Hernán» skildrar erobringa av Mexico som eit tett persondrama.

Innsirkling av Cortés

SPLITT OG HERSK: Hernán Cortés (Óscar Jaenada) flankert av tolken og elskarinna Marina (Ishbel Bautista) og mexicakongen Moctezuma II (Dagoberto Gama). FOTO: A+E NETWORKS/NRK

Ambisiøst, men for polert og kortfatta.

(Mexico/Spania, 2019)

Serieskaparar: Julián de Tavira, María Jaén, Amaya Muruzabal, Curro Royo.

Med: Óscar Jaenada, Ishbel Bautista, Jorge Antonio Guerrero, Michel Brown, Víctor Clavijo, Dagoberto Gama.

Lengde: 8 episodar à 45 min.

Vist på: NRK TV (nettspelaren)

Korleis var det mogleg at Hernán Cortés (1485–1547) på kort tid og med få soldatar kunne erobra det enorme aztekarriket og leggja hovudstaden Tenochtitlan – då ein av verdas største byar – i grus?