Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Puritansk

  • Eg er ein tradisjonalist. Ein nostalgikar. Eg lengtar tilbake og stretar mot framskritt. Nokon vil kanskje til og med seie at eg er ein luditt. Men eg speler yatzy og skyr maxiyatzy som pesten. Eg hadde ein gong ein kjærast som måtte kjøpe maxiyatzyblokk fordi butikken var tom for vanlege yatzyblokker. Det første ho gjorde, var å stryke ut fem like, full straight, hytte, tårn og ordet maxi. Det var truleg då eg tenkte at her var det noko i lufta. Det var det jo tydelegvis ikkje, men ikkje på grunn av yatzyen. (Jada, hytte i maxiyatzy er jo det same som hus i yatzy, men eg vil heller ha ordet hus med.)