Salig i si tru
NRK preikar religionstoleranse tilpassa Tiktok-generasjonen.

(Noreg, 2021)
Prosjektleiar: Frank Sivertsen
Regi og manus: Dang Trinh
Med: Selma Ibrahim
Lengde: Fem episodar à 20 min.
Vist på: NRK Super
NRK Super avrundar i dag ei temaveke om religion. Tru og religiøsitet har på godt allmenkringkastarvis fått prega programflatene frå Supernytt til dramaserien «Klassen», i tillegg til at kanalen har lansert sin eigenproduserte dokumentarserie «Selma og jakten på den perfekte tro». Den fem episodar lange serien handlar ikkje om religion(ar) i seg sjølv, men lèt norske barn fortelja om si (guds-) tru, om levereglar og livet etter døden, og om korleis deira religiøse praksis artar seg i høgtider, bøn, klesdrakt og matskikkar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent