Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Berre éin Nav-dømd er frifunnen

NAV-SKANDALEN: Så langt har berre éin av dei som har vorte urett dømde for trygdesvindel i Nav-skandalen, fått dommen gjort om, opplyser setteriksadvokat Henry John Mæland til NTB. Etter at trygdeskandalen eksploderte hausten 2019, har Riksadvokaten identifisert minst 86 anteke uriktige dommar for trygdesvindel. I 48 av sakene vart dei tiltalte dømt til fengsel utan vilkår. Desse sakene vart sende til Gjenopptakingskommisjonen. Nokre av sakene som er gjennomgått, fyller ikkje vilkåra for gjenopning. Resten er lagt til sides i påvente av avgjerda frå Efta-domstolen om dei EØS-rettslege problemstillingane i saka. Den skal komme om kort tid. ©NPK