Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Privilegiesjekk: I Kiley Reids roman kivar kvite bipersonar om å vere minst rasistisk, medan den svarte hovudpersonen prøver å skaffe seg helseforsikring.

Gode intensjonar

Roman

Kiley Reid

Litt av en tid

Roman

Omsett av Vibeke Saugestad

Aschehoug 2021, 346 sider

Å, så brått humøret mitt stuper når eg får Kiley Reids «Litt av en tid» i posten og ser Jojo Moyes-blurben på den fargeglade framsida: «Jeg klarte ikke å legge den fra meg». Reaksjonen min er sikkert mat for litteratursosiologar og det som verre er, men eg har allereie lese romanen på skjerm, så det dårlege humøret har ikkje følgt meg i lesinga. Denne romanen gjer meg uansett munter: Den er munnrapp og rappfota, utan å fare med harelabb over tematikken om rase og klasse, blindsoner og privilegium.