Uoppgjort drone-krigsrekneskap

(USA, 2021)
Regi: Mikael Håfström.
Manus: Rowan Athale, Rob Yescombe.
Med: Damson Idris, Anthony Mackie, Emily Beecham, Pilou Asbæk.
Lengde: 1 t. 54 min.
Kor: På Netflix frå 15. januar.
Ein dronepilot i US Air Force tar ei avgjerd som kostar amerikanske «fredsbevarande styrker» i Ukraina livet. Før han veit ordet av det må Harp (Damson Idris) bytta den trygge bunkeren i Nevada med teneste på bakken der dronerakettane har drepe hans eigne soldatbrør og lagt i grus eit alt borgarkrigsherja sivilsamfunn. Premissen for handlinga i «Outside The Wire» liknar meir på personleg botsgang enn reell, militær refs. Det meste i filmen er lite realistisk, trass i den svært aktuelle framstillinga av Ukraina som ein arena for proxykrig mellom USA og Russland.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent