Den naive regjeringa
Regjeringa har store vanskar med å forklara kvifor dei leikte julenisse før jul. Landet vårt viste positiv retning i høve til redusert smittefare, vi hadde R-tal som var tilfredsstillande og håp om det kunne verta mogeleg med ei gradvis normalisering dersom denne trenden ville halda fram. I staden for å surfa vidare på denne gode utviklinga tok Solberg og co. på seg nissedrakt og gav mange det dei så inderleg hadde håpa på: frislepp i jula. Og folket brukte gåva for alt ho vart verdt, der og då, anna var ikkje å venta. Det heilt utrulege er at regjeringa ikkje såg kva konsekvensar dette ville føra til.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent