Du kan bla til neste sideBla med piltastene

44 personar omkom i brannar i fjor

TRYGGLEIG: 27 menn og 17 kvinner mista livet i ulike brannar i fjor, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Over 80 prosent omkom i bustadbrann, ifølgje DSB. Tala for i fjor er lågare enn gjennomsnittet. Sidan DSB starta registreringane av omkomne i brann i 1979, har det i snitt omkomme 61 personar kvart år. 2017 er året med lågast tal på brannoffer. Det året døydde 26 personar i brann. Eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsett. Personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkomme i brann enn resten av befolkninga.©NPK