TRYGGLEIG: 27 menn og 17 kvinner mista livet i ulike brannar i fjor, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Over 80 prosent omkom i bustadbrann, ifølgje DSB. Tala for i fjor er lågare enn gjennomsnittet. Sidan DSB starta registreringane av omkomne i brann i 1979, har det i snitt omkomme 61 personar kvart år. 2017 er året med lågast tal på brannoffer. Det året døydde 26 personar i brann. Eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsett. Personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkomme i brann enn resten av befolkninga.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Ber Solberg forklare nye smitteverntiltak
Smittevern
KLART: Opposisjonen ber statsministeren om å gjere greie for dei nye smitteverntiltaka i Stortinget.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier til NTB at statsminister Erna Solberg (H) så raskt som mogleg etter dei nye 14 dagane med nedstenging, bør komme med ei brei forklaring for Stortinget.