Når eg kjem på jobb skifter eg til lys uniform og ergonomiske sandalar, drar håret bak i ein hestehale og finn fram eingongshanskane. Eg fyller plastbyttene med glovarmt vatn og sterke vaskemiddel, ber dei til tralla og trillar frå det tronge kottet til den altfor lange gangen. Kvar morgon får eg eit skjema, som fortel meg kor eg skal vaska og kor lang tid eg skal bruka på kvar oppgåve.
Mormor, vaskebyttå og eg
I dag