Vart jødar forfølgde fordi dei var som nordmenn flest?
(Noreg, 2020)
Regi: Eirik Svensson.
Manus: Harald Rosenløw-Eeg og Lars Gudmestad, etter Marte Michelets bok.
Med: Jakob Oftebro, Kristine Kujath Thorp, Michalis Koutsogiannakis, Pia Halvorsen, Nicolai Cleve Broch, Anders Danielsen Lie, Mads Ousdal.
Lengde: 2 t. 6 min.
Forventningane har vore mange og sterke til filmatiseringa av «Den største forbrytelsen». Å venta at den første spelefilmen om Holocaust i Noreg skulle bli noko anna enn eit solid, men konvensjonelt fortalt historisk drama, ville vore urimeleg, og kanskje uklokt. Ein kan likevel stilla spørsmål ved kvifor lagnaden til familien Braude er sett gjennom ei teleskoplinse, som gjer at den (inter)nasjonale, politiske konteksten i Marte Michelets bok blir fortrengt, og drivkreftene bak dei konkrete hendingane innforstått.