Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den definitive Pinocchio

PINOCCHIO: Ein av dei vakraste og mest vellaga filmane i år, er Matteo Garrones tidlause fabel. FOTO: FIDALGO FILM THREEAB film

Strålande vakkert og tidlaust eventyr.

(Italia/Frankrike/Storbritannia, 2019)

Regi: Matteo Garrone.

Manus: Matteo Garrone og Massimo Ceccherini etter Carlo Collodis bok.

Med: Roberto Benigni, Federico Ielapi.

Aldersgrense: 6 år.

Lengde: 2 t. 5 min.

Ber Pinocchio den italienske folkesjela? Filmskaparen Matteo Garrone er blant dei som meiner det. Han har heilt sidan gutedagane vore fascinert av historia om tredokka som ønskjer å bli menneske, men som ikkje har tolmod til noko som krev sjølvdisiplin. Støtt mister Pinocchio målet av syne, og lèt seg freista av enkle gleder som blir dyrekjøpte lærdommar. Og når han lyg om sine brotne lovnader til dei som elskar og hjelper han, veks nasen hans.