Klassekampen skreiv jula inn 15. desember med «Det er ikke rom i herberget», tittelen på ein reportasje frå Grønland i Oslo. Endå ‘herberge’ ikkje står lenger i evangeliet, det forsvann på totusentalet, etter nesten fem hundre år i skandinaviske biblar. Lukas skreiv ikkje om herberge. Likevel kom ordet inn etter reformasjonen, med omsetjinga til dansk og svensk. Sidan uttrykket har så lang fartstid, lever det nok vidare, om enn utan sitt evangeliske fotfeste. Jomfru Maria held likeins stand, også dét er døme på ei feilomsetjing, som skjedde då Gamletestamentet vart omsett frå hebraisk til gresk rundt år 70 f. Kr. Ein profet i GT kom med eit frampeik om Jesu fødsel; profetens hebraiske ord tyder ‘ung kvinne’, men omsetjarane til gresk landa på eit ord som tyder ‘jomfru’. Sidan har me hatt det gåande.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.