Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Årets viktigaste norske film?

Vegen vidare

«ALT DET JEG ER»: Emilie.

Nyleg høyrde eg ein amerikansk psykiater fortelja at barn som har vorte misbrukte i pornografi er meir redde for å bli identifiserte enn for å døy. Skamma som overgrepsoffer kjenner er like forståeleg som opprørande. At barn både tør og får sjansen til å fortelja, til vaksne som kan å ta i mot slike vitnemål, er avgjerande for den einskilde og for samfunnet. Det veit Emilie alt om. Frå ho var seks til ho var tolv år, vart Emilie seksuelt misbrukt av stefaren i deira felles heim. Ein samtale i klasserommet opna til slutt for at Emilie slapp å leita meir etter den rette stunda, eller etter ord ho ikkje hadde lært, men endeleg kunne formidla at «ho òg» hadde opplevd noko.