- Samfunnet er som et skøyteløp på et fullsatt Bislett stadion, pleide professor Gudmund Hernes å si til studentene sine på 1970-tallet. Tribunens trappekonstruksjon gjør at alle har utsikt til dramaet på isen. Men når spenningen er som størst, skjer det: En løk på tribunen blir så ivrig at han reiser seg for å se bedre. Han blokkerer for tilskuerne bak seg, slik at også de må reise seg. Hernes’ poeng var at handlinger som er individuelt fornuftige, kan være skadelige for kollektivet. Idet løperne går i mål, er hele stadion på beina, uten at noen har fått bedre utsikt.
Nominasjonane til stortingsvalet er underskot på demokrati.
Når promillen vedtar
Nominasjonane til stortingsvallistene er for det meste avslutta. Med nokre få unntak har dei stort sett gått under radaren for folk flest. Det er der det har vore kamp og voteringar, at media finn interesse. Kjende stortingsrepresentantar har tapt voteringar i kamp mot mindre kjende personar. Årsakene kan vera tilfeldige, særleg fordi avrøystingane er hemmelege. Nokre kandidatar kan dessutan ha gjort eit betre fotarbeid enn andre i å overtyda dei som deltar i nominasjonsmøte. Særleg i mindre parti treng det ikkje vera så mange. Frp vil truleg få ein representant frå Buskerud. Kven det blir, vart avgjort med 23 mot 17 stemmer. Ved sist val fekk Frp 26.413 stemmer i fylket. Dei som avgjorde nominasjonen utgjorde med andre ord ein og ein halv promille av desse.