Einar Økland har skrive så mange bøker i så mange sjangrar at verken han eller vi har oversikt lenger. Svaret finst nok på ei liste ein stad, men så spørst det korleis ein reknar – om ein tel med alle bøkene han har redigert og kompilert. Eit nytt år kjem uansett sjeldan utan ei ny Økland-bok av eit eller anna slag, så vi kan anslå at det dreier seg om kring 80 bøker. I år har han i alle fall fylt 80 år. Og ingen skal seie at han var fødd i går.
Vi er alle amatørar – og Einar Økland er den beste i blant oss.