SMITTE: Hundrevis av sesongarbeidarar er venta til fiskerinæringa i Lofoten og Vesterålen. For å førebyggje importsmitte skjerpar politiet grensekontrollen ytterlegare. Politiet i Nordland varslar i ei pressemelding at det blir vakthald ved grensa store delar av døgnet, og kontroll heile døgnet. Over tid har politiet fått bistand frå Heimevernet og eigne mellombelse stillingar til grensekontroll. No vil òg UP og politiet bidra med fleire ressursar. Ifølgje NRK kjem det normalt i overkant av 3000 utanlandske arbeidarar til fiskemottak i Lofoten, Vestrålen og Sør-Troms under det travle vinterfisket, som varer frå januar til april.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene