Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Plystrande plott

MELLOM BORKEN OG VEDEN: Den korrupte narkoetterforskaren Cristi (Vlad Ivanov) slit med å vri seg ut av mange uføre i «The Whistlers». FOTO: ANOTHER WORLD ENTERTAINMENT Vlad Cioplea

Ironisk, men det er utanpå.

(La Gomera, Romania, 2019)

Regi og manus: Corneliu Porumboiu

Med: Vlad Ivanov, Catrinel Marlon, Rodica Lazar, Sabin Tambrea, Antonio Buíl, Julieta Szönyi

Lengde: 1 t. 37 min.

«The Whistlers» vil vera ein smart krimfilm, men maktar ikkje å leva opp til sitt eige sjølvbilde fordi han manglar finesse. Filmskapar Corneliu Porumboiu er i større grad enn andre rumenske talent i sin generasjon ein sjangerregissør med nær og kjær kjennskap til amerikansk filmhistorie. I «The Whistlers» har han ideen, ressursane og skodespelarane, men ikkje den naudsynte fingerspisskjensla som trengst for å fylla ein film noir-pastisj med ein leksjon om Romanias post-totalitære korrupsjons- og overvakingskultur.