Ironisk, men det er utanpå.
(La Gomera, Romania, 2019)
Regi og manus: Corneliu Porumboiu
Med: Vlad Ivanov, Catrinel Marlon, Rodica Lazar, Sabin Tambrea, Antonio Buíl, Julieta Szönyi
Lengde: 1 t. 37 min.
«The Whistlers» vil vera ein smart krimfilm, men maktar ikkje å leva opp til sitt eige sjølvbilde fordi han manglar finesse. Filmskapar Corneliu Porumboiu er i større grad enn andre rumenske talent i sin generasjon ein sjangerregissør med nær og kjær kjennskap til amerikansk filmhistorie. I «The Whistlers» har han ideen, ressursane og skodespelarane, men ikkje den naudsynte fingerspisskjensla som trengst for å fylla ein film noir-pastisj med ein leksjon om Romanias post-totalitære korrupsjons- og overvakingskultur.