Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk kvardag blir fortrylla av astronomi og mytologi i NRKs julekalender.

NRKs nye julestjerner

NYTT VENSKAP: Elly (Camilla San Miguel Bjørneng) og Jo (Edvard Ross) finn saman i «Stjernestøv». FOTO: NRK NRK

(Noreg, 2020)

Serieskaparar: Karianne Lund og Ida Sagmo Tvedte.

Konseptregi: Ida Sagmo Tvedte.

Med: Edvard Ross, Camilla San Miguel Bjørneng, Ester Grenersen, India Dee Kvangarsnes, Ingrid Bolsø Berdal, Trond Fausa Aurvåg, Morten Svartveit, Anne Marit Jacobsen, Caleb Kebreab, Jakob Larsen Fort.

Lengde: 24 episodar à cirka 20 minutt.

Vist på: NRK tv Premiere i 1. desember. Ny episode kvar dag fram til julaftan.

I dag debuterer NRK Supers splitter nye julekalender «Stjernestøv». Den tradisjonelle, 24-delars adventsserien er ei nytolking av sentrale julemotiv som stjerna og barnet, brukte i ei ikkje-religiøs samtidsforteljing om korleis vi kan finna nytt fotfeste når vi mistar det faste haldepunktet i tilværet.