Du kan bla til neste sideBla med piltastene

INDUSTRI

Fire hjul og eit raffineri

LADA, IKKJE NADA: Kåre Ness frå Lindås er pensjonert lærar, tidlegare informasjonssjef i Statoil og bussjåfør. No kan han setje seg tilbake, men vil heller dyrka hobbyane, som er å køyre buss, styre med gamle Lada-en og halde russisken ved like. Klassekampen

Han sat i leiinga for det største oljeraffineriet i Noreg, men tok sluttpakke og byrja å køyre buss i staden.

Det siste Kåre Ness gjorde som informasjonssjef på oljeraffineriet Statoil Mongstad, var å gje pengar til bygginga av ei bowlingbane i eit bedehus. Framleis er tilgang til bowlingbana eit velferdsgode for dei som jobbar i det som no heiter Equinor.