Morkent monarki
Netflix-serien «The Crown» appellerer både til dei som prioriterer politisk historie og dei som snuser i sladrespaltene.

(Storbritannia, 2016 –)
Serieskapar: Peter Morgan.
Med: Claire Foy, Olivia Colman, Matt Smith, Tobias Menzies, Vanessa Kirby, Helena Bonham Carter, Josh O’Connor, Emma Corrin, Emerald Fennell Gillian Anderson Greg Wise Charles Dance, Alex Jennings, Derek Jacobi, John Lithgow.
Lengde: Fire sesongar à 10–12 timelange episodar.
Vist på: Netflix.
Fjerde sesong av «The Crown» opnar i 1979. Ei uniformert Elisabeth II rir ut av Buckingham Palace for å inspisera sine lojale samveldestyrkar. Militærritualet blir ikkje støtta opp av ein Elgar-marsj, men motsagt av arkivopptak frå Belfast-demonstrasjonar og lyden av ein IRA-proklamasjon om å trappa opp våpenkampen. Innan første episode er over, har Lord Mountbatten, prins Philips onkel og prins Charles nære fortrulege vorte drepen ved sitt irske «ferieslott», og nyvald statsminister Margaret Thatcher har meisla ut sin nordirlandspolitikk med å hevda at det berre finst kriminell (ikkje politisk) vald og fornekta at landet har politiske fangar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent