Morten Langeland
Barbar
Prosa
Flamme Forlag 2020, 135 sider
Sola skin og skin i poeten Morten Langeland si fyrste prosabok. Den har noko utprega kunstig ved seg. Det er ei sol som kan manipulerast, ei sol som er til pynt. «Brått dimmet himmelen og ga fra seg sommertorden», kan det til dømes stå. Å nytte omgrep frå teknologi som metaforar for himmelfenomen på denne måten er uventa og originalt, og passar både tida vi lever i, og boka Langeland har skrive, svært godt.