Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stril

  • Eg er ein stril, som er ein sånn type folkeferd som me sjølve er grådig stolte av å vera, medan dei fleste eigentleg ikkje har høyrt om oss. Då eg vart introdusert for det som vart min første kjærast, og ho spurte kvar eg var frå, sa eg at eg er stril. Eit år eller to seinare kom det fram at ho trudde eg var steril. Det vart ikkje oss. Ein stril er først og fremst ikkje bergensar, men definisjonane sprikar litt. Nokre seier det er dei som kan ro til Bergen og heim på ein dag. Andre at det er sju mil i luftline frå Bergen. Nokre trur at ordet kjem frå å strila, «streva og ro». Det er uansett ei nemning på bonde- og fiskarfolket utanfor Bergen.