Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Push

  • Når eg er ute med journalistvener for ein roleg fredagspils og mobilane ligg på bordet, bruker dei å blinke jamleg med varsel som renn inn på telefonen. «Såg de kva BA hadde push på no?» spør dei og vurderer om det er rett å sende ut varslar til alle om at ein bergensar rauk ut av Paradise Hotel, medan politiet tvitrar om røyk, og folk ser seg rundt etter eksplosjonar eller brannar. Vanlege folk er kanskje mindre nevrotiske og har kanskje færre varsel. Eg dyrkar personlegdomen som passar i ei avis som kjem ut éin gong om dagen og har ingen slike varsel. Eg har nok distraksjonar som det er.