Overgrep på pensumet på pensum
HBOs «A Teacher» er på sitt beste når serien viser korleis «grooming» kan arta og utvikla seg.

(USA, 2020)
Serieskapar: Hannah Fidell.
Med: Kate Mara, Nick Robinson, Ashley Zukerman, Shane Harper, Dylan Schmid, Adam David Thompson.
Lengde: 10 episodar à cirka 30 min.
Vist på: HBO Nordic.
Både i kunsten og populærkulturen finst det ein lang tradisjon for å skildra seksuelle maktspel mellom ein vaksen mentor og ein ung elev. I underhaldningsfilmen har slik utbytting via klasse-, kjønns- og aldershierarki ofte vorte døyva av sentimental romantikk, og ein provoserande suksessrik mal for slik tilsløring, vart skapt av George Cukors musikalklassikar «My Fair Lady» (1964). Filmen vann åtte Oscar-prisar for si skildring av professor Higgins’ omskaping av Eliza Doolittle til sitt eige, passiviserte leiketøy (Til slutt kledd opp i ein tettsitjande kjole som viser kroppen under, men som er uråd å gå i).
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent