Førre veke annonserte Gyldendal at Vinduet i sin 75. årgang skal bli eit reint nett-tidsskrift. Dei vil helst rekruttere to redaktørar i 50-prosentstillingar til å utvikle den digitale satsinga. Forfattarar, kritikarar og redaktørar har uttrykt vemod over at ein ikkje lenger kan hente papirutgåva frå postkassa, og fleire har vore skeptiske til grunngivinga frå forlaget: Omlegginga skal gjere Vinduet meir dagsaktuelt, seier Gyldendals Kari Marstein i intervju. Ho understrekar at digitaliseringa ikkje er ei minska satsing frå deira side.
Treng det norske litteraturfeltet endå fleire dagsaktuelle aktørar?