Marie Landmark
Til slutt blir du selvlysende
Roman
Forlaget Oktober, 2020, 255 sider
Hanne leiter etter ein måte å redde kloden frå den menneskeskapte undergangen på. Saman med sambuaren Terje gjer ho meir enn dei fleste, ho forsakar flyreiser og plastikkposar og klede som ikkje er av naturmateriale, ho arbeidar med eit hefte med råd om korleis ein kan leve meir miljøvenleg. Ho brukar til og med stillinga si som skatterettleiar over telefon til å oppmode framande om å investere i grøne aksjer, eller gje dei dårleg samvit for forretningsreiser. Men ho og Terje får eit barn, på tvers av ei gnagande uro for at det ikkje let seg forsvare – verken overfor verda som ikkje treng den ekstra børa, eller barnet som må vekse opp i noko som kanskje ikkje kan reddast.