Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krev legitimering ute på byen

BERGEN: Byrådsleiar i Bergen Roger Valhammer (Ap) la på ein pressekonferanse i går fram fleire koronatiltak som skal gjelde frå og med i morgon. Det blir blant anna forbod mot private samankomstar med meir enn ti personar med unntak for barnehage- og barneskulegrupper, forbod mot meir enn 50 deltakarar på arrangement utan fast sitteplass og påbod om munnbind i kollektivtransport og på offentlege stader innandørs der ein ikkje kan halde minst ein meters avstand. Det blir óg krav om legitimering av gjester og føring av gjestelister på alle serveringsstader. Gjester som ikkje vil legitimere eller registrere seg, skal avvisast. ©NTB