Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er det bra å drikka på jobben? Thomas Vinterbergs livsglade dramakomedie svarar tvitydig.

Frå flytsonen til flatfyll

BETRE MED LITT PROMILLE? Thomas Bo Larsen, Mads Mikkelsen, Magnus Millang og Lars Ranthe ber om «Et glass til» i Thomas Vinterbergs film. FOTO: ARHAUS Henrik Ohsten

Skamlaus, tradisjonell romantikk, som ein ikkje vil angra på å sjå.

(Druk, Danmark, 2020)

Regi: Thomas Vinterberg.

Manus: Tobias Lindholm.

Med: Mads Mikkelsen, Thomas Bo Larsen, Lars Ranthe, Magnus Millang, Maria Bonnevie, Helene Reingaard Neumann, Susse Wold.

Lengde: 1 t. 57 min.

Alle seier at Jeppe drikk, men ingen spør kvifor Jeppe drikk, klaga Holbergs hundsa bonde, som om han var sin eigen sosionom. Eit skadeleg alkoholinntak er ofte både eit symptom på meir grunnleggjande problem og eit tilgjengeleg middel for å gløyma den erkjenninga. Samstundes finst det andre, dels konkurrerande syn på verdien av alkoholrus, som at «litt» promille kan vera både emosjonelt og sosialt frigjerande og dessutan styrkande for kunstnarisk skaparkraft. Ein autoritet som blir eit referansepunkt i «Et glass til» er den norske psykiateren Finn Skårderud, som ein gong har spissformulert at mennesket er fødd med ein halv promille for lite.