Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fryktar A- og B-lag blant lærlingar

ARBEIDSLIV: Regjeringa vil styrkje ordninga «fagbrev som elev» til neste år. I forslag til statsbudsjett til neste år foreslår Kunnskapsdepartementet å bruke 150 millionar kroner i eit nytt tilskot for yrkesfagelevar som ikkje får læreplass i bedrift. Dei skal få eit forsterka og forbetra tilbod for å ta fagbrev som elev på skulen. Departementet skriv at covid-19-pandemien truleg vil gjere utfordringa med å skaffe læreplass større. Forslaget tek utgangspunkt i at 1000 elevar i kvart kull får eit slikt tilbod. NHO-foreininga Nelfo, som mellom anna organiserer elektro-, ekom- og heisbedrifter fryktar at ordninga vil føre til eit A- og B-lag blant lærlingane i framtida.©NPK