Søt filmbakst
Filmen om «Husnissene» ser god ut, men han smakar tamt.

(Die Heinzels – Rückkehr der Heinzelmännchen, Tyskland, 2020)
Regi: Ute von Münchow-Pohl
Manus: Jan Strathmann
Norske røyster: Siri Nilsen, Aleksander Walmann Åsgården, Ivar Nørve, Simen Sand, Ida Lind, Marit Synnøve Berg Jon Bjørnstad, Jon Erling Wevling, Sarah MacDonald Berge, Silje Hagrim Dahl
Lengde: 1 t. 17 min.
Aldersgrense: Tillaten for alle
Med sin nye animasjonsfilm «Husnissene – Operasjon bakverk» vil regissør Ute von Münchow-Pohl innvia ein ny generasjon barn i tysk folketru og gamle eventyr. Konkret byggjer filmen på stadspesifikke forteljingar om det hjelpsame og nevenyttige småfolket (heinzelmännchen), som kvar natt gjorde unna arbeidet for sovande borgarar i Köln. Sjølvsagt kunne ikkje menneska nøya seg med å ta i mot hjelp, dei måtte sjå hjelparane også. Då forsvann husnissane, og folk sat att med arbeidet åleine.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent