Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Evo Morales’ avgang har polarisert BoliviaForskar peikar på media

Land i brann

URFOLKSSENTRUM: Tilhengarar av presidentkandidat Luis Arce gjer offer til Pachamama, moder jord, på eit valkamparrangement for Arce i El Alto tysdag. Arce er frå same parti som ekspresident Evo Morales, som med sin urfolksbakgrunn har støtte frå mange aymarar, som tilhengarane på biletet.FOTO: JUAN KARITA, AP/NTB

PRESIDENTVAL: I byen El Alto, kor majoriteten er aymara-urfolk, står mykje på spel på søndag.

Når bolivianarane går til vallokala søndag 18. oktober, er det etter eit kaotisk år i boliviansk politikk.

I fjor haust vann tidlegare sosialistpresident Evo Morales valet – like før ein rapport publisert av Organisasjon for amerikanske statar (OAS) hevda at valfusk hadde sikra han sigeren.

Dei kaotiske oktober- og novemberdagane velta om på politikken. 10. november tvinga militæret Morales ut i eksil i Mexico.

Ved roret sto ei ny sjølvutnemnd konservativ regjering med tidlegare senator Jeanine Áñez i spissen som landets nye midlertidige president.

«Det siste året har laga ein spent stemning mellom sosiale grupper. Landet er splitta, folk står på motsette sider langt frå kvarandre politisk. No berre ventar Bolivia på å få halde val og endeleg få eit demokratisk valt styre», skriv Rosmery Quispe Condori i ein e-post til Klassekampen.

Ho er busett i byen El Alto, der ho arbeider ved Senter for studiar og støtte til lokal utvikling (CEADL). Senteret arbeidar med dyktiggjering av ungdom og unge kvinner i El Alto.

Her har Quispe Condori budd størstedelen av livet. Ho har foreldre som tilhøyrar ei av landets store urfolkgrupper: aymara.

Quispe Condori fortel at atmosfæren i El Alto er spent, og at det har vore fleire samanstøyt denne veka.

Trufast bastion

Dei ulike etniske folkegruppene i Bolivia har lang historie med konflikt. Sjølv om landet består av fleire språk, religionar og folkegrupper, er det likevel éi gruppe som har dominert sentrale maktposisjonar: ein rik, kvit minoritet.

Kokabønde og fagforeiningsleiar Evo Morales var eit unnatak. Då han første gong vann valet for partiet Rørsle for sosialisme (Mas) i 2005, var han Bolivias (og Latin Amerikas) første president med urfolksbakgrunn. Morales er aymara og tilhøyrar dermed den rundt rekna halvparten av Bolivias befolkning som er å rekne for urfolk.

Etter ei folkerøysting i 2009 erklærte Morales Bolivia for å vere ein fleirnasjonal stat, noko som skulle vere eit forsøk på å stoppe hundreår med etnisk diskriminering. Bolivia var no ein sekulær stat og ikkje lengre katolsk – ein del av kolonihistoria skulle dermed vere over.

Sterke krefter ynska ikkje den fleirnasjonale staten velkommen. Ifølge ein faktasjekk gjort av nyheitsbyrået AFP har noverande president Añez sletta fleire av sine gamle Twitter-meldingar.

Mellom anna melder AFP at Añez har skrive på Twitter «fattig indianar» på ein karikatur av Morales i oktober i fjor, i tillegg til Twitter-meldingar der ho har omtala aymara-ritar som «sataniske» og at «ingen kan erstatta gud». Añez utnemnde seg sjølv til midlertidig president etter valet i fjor.

El Alto er eit viktig senter for aymara-urfolket i Bolivia, og var lenge ein trufast bastion til Evo Morales. På motsett side har Añez støtte i militæret og politistyrkar.

Media manipulerer

«Eg ser klart ei stor polarisering i Bolivia. Det er som to separate samfunn, delt inn i rik eller fattig, urfolk eller kvit», skriv Quispe Condori.

Ho held fram:

«Min andre son blei fødd i november i fjor. Då det sto på som verst i fjor haust, var eg innlagt på sjukehuset som ligg eit stykke frå El Alto. Eg følgde med på nyheiter, og såg på fjernsynet at konflikten var mest aktiv med flest stengde barrikadar i El Alto.»

Quispe Condori fortel at etter ho vart utskriven, var ho bekymra for vegen heim med alle radikale grupper i gatene. Men det som møtte ho, stemte ikkje overeins med bildet media laga om protestane.

«Det er som to separate samfunn, delt inn i rik eller fattig, urfolk eller kvit»

ROSMERY QUISPE CONDORI

«Då dei såg min nyfødde son, hjelpte dei meg. Dei opna barrikadane og slapp meg forbi. Eg såg ingen terroristgrupper som media skreiv om. Eg såg marginaliserte menneske som kjempa mot undertrykkinga og som protesterte på rasismen me må kjenne på.

Menneska som var i gatene i El Alto i fjor haust, bad om at alle deltok i deira kamp, ein kamp dei sa ikkje berre var for dei sjølve, men også for borna deira, for at borna skulle sleppe den same diskrimineringa dei har måtte leve med», skriv Quispe Condori.

Ho meiner media bidreg dei til å sette folkegruppene opp mot kvarandre.

Etter valet i fjor har fleire stilt seg kritiske til om det påståtte fusket til Morales var reelt. Funna i OAS-rapporten har mellom anna blitt tilbakevist a The New York Times.

Git: master, Env: production, Sanity: production