LEIAR: Sosialistkandidaten leiar på meiningsmålingane. Mange fryktar likevel at fusk vil sikre høgresida siger etter søndagens val.
– Eg er overtyda om at det blir fusk på søndag. Prosentane vil bli endra, og resultatet til partiet Rørsle for sosialisme (Mas) blir justert ned slik at det ikkje vinn første runde, seier Gabriel Villaba på telefon frå hovudstaden La Paz i Bolivia.