Å skriva om bøker ein ikkje har lese, er ein risikosport. I Klassekampen 8. oktober fyller Karsten Aase-Nilsen to fulle avissider med tankar om Susan Neimans 400 siders «Learning From the Germans», som han berre kjenner av omtale. Utan å ha lese boka, tyr han i staden til personangrep: Når han ikkje likar bodskapen, må det vera bodberaren si skuld.
Alt i ingressen slår Aase-Nilsen fast at Fløgstads favorittfortelling er gammalt nytt. Men mine gamle synder har lite med saka å gjera. Det nye er ei bok der ein liberal amerikansk-tysk-jødisk filosof reiser sterke motforestillingar mot fasttømra oppfatningar om det fellestyske oppgjeret med nazismen.
Vidare tar forfattaren opp spørsmålet om dette oppgjeret kan ha overføringsverdi til i kampen mot amerikansk rasisme i dag. Boka kom på engelsk i 2019, i tysk utgåve våren 2020 og har vekt stor internasjonal interesse.
Sikkert den mest provoserande setninga i Susan Neimans bok lyder slik: «Aust-Tyskland gjorde ein betre innsats for å arbeida seg ut av nazi-fortida enn Vest-Tyskland.» For Aase-Nilsen (og ein tidlegare innsendar) er denne påstanden så graverande at dei nektar plent å tru på den.
Sjølv om den blir sitert både på norsk og i originalen, trekker Aase-Nilsen i tvil om den verkeleg kan stå i boka, ved å hevda at den «tilsynelatende er understøttet av Neiman.» Dette er grovt og ukvalifisert, særleg når Aase-Nilsen samtidig hevdar at han ikkje «tviler et sekund på at Fløgstad har dekning for det han skriver.» Det er underleg at Aase-Nilsen vil slå seg sjølv på munnen og blamera seg på denne måten.
Lenger nede i artikkelen er igjen Klassekampens bokmeldar stand in for Susan Neiman. Aase-Nilsen skriv: «Han bruker også mye tid på å bagatellisere oppgjøret i vest, og når noe framheves som positivt, som for eksempel forbundspresident Richard von Weizsäckers berømte tale i 1985, er han alltid rask med å utstyre det med en hake.»
Haken ved dette er at det ikkje min hake, det er Neiman som på side 67 skriv, i mi omsetting: «Og andre, som Richard von Weizsäcker, nådde å bli president og halda viktige talar som vedkjende seg tysk skuld – men som alltid heldt fast ved at far hans var uskuldig. Han tok berre jobben som viseutanriksminister under Joachim von Ribbentrop for å hindra at andre gjorde verre ting. Weizsäcker var ung jusstudent då han forsvarte faren i Nürnberg. Forsvaret var mislykka: faren blei dømd til fem års fengsel, sjølv om han, lik dei fleste nazistane, blei sett etter å ha sona mindre enn eit år. Presidenten såg alltid på dommen som «urettvis og inhuman.»
«Det er underleg at Aase-Nilsen vil slå seg sjølv på munnen og blamera seg på denne måten.»
Gjennom heile artikkelen held Aase-Nilsen fram med å forveksla forfattar og bokmeldar. «Fløgstad gjør et stort poeng av at en undersøkelse gjennomført i 1991 viste overvekt av antisemittiske holdninger i den vesttyske befolkningen …» Heller ikkje her er det eg, men Susan Neiman som på side 116 drøftar dette poenget.
Fortenstfullt har Aase-Nilsen funne fram til ei undersøking frå 2016, som tyder på at antisemittismen i dei austlege delane av Tyskland aukar i takt med tida som har gått etter den brutale avviklinga av DDR. Denne undersøkinga er ikkje nemnt i «Learning From the Germans», rimelegvis heller ikkje i min omtale av boka.
«Fløgstad vier særlig oppmerksomhet til konsentrasjonsleiren Buchenwald» skriv Aase-Nilsen. Hadde han lese boka, ville han sett at det ikkje er meg, men Susan Neiman som på sidene 284–294 drøftar bruken av Buchenwald som ein viktig stad for å gjenoppliva kaldkrigsideologien.
Opp mot den herskande liberale konsensus har Susan Neiman skrive ei modig bok, som også har diskutable sider. Frå kvalifiserte kritikarar, det vil seie dei som har lese boka, har den fått brei og til dels kritisk omtale i engelskspråkleg og tysk presse. Medan dei tyske i hovudsak er høflege og problematiserande, er det slåande at den amerikanske mottakinga legg lita vekt på Neimans teser om det austtyske oppgjeret.
Mest interessant er kanskje historikaren Thomas Laqueurs lange artikkel «While Statues Sleep» i London Review of Books 18. juni 2020. Laqueur avviser heilt ideen om at den tyske erfaringa har overføringsverdi til kampen mot rasismen i USA. Som mange andre er han også kritisk til Neimans ros av den austtyske antifascismen. Til gjengjeld er han mykje krassare enn henne i skildringa av den tyske forvaltinga av historia:
Stiftinga «Erinnerung, Verantwortung und Zukunft» (Minne, ansvar og framtid) blei etablert i år 2000, midt i den solskinshistoria Aase-Nilsen og mange med han prøver å formidla om det tyske oppgjeret. På si side hevdar Thomas Laqueur at stiftinga blei oppretta meir for å verna varemerket Tyskland enn for å ta ansvar for fortida. Dåverande statsminister Gerhard Schröder sa klårt frå om at «Formålet var å få slutt «på kampanjen som blir ført mot tysk industri og mot landet vårt». Laqueur legg til at den typen «management av historiske minne hadde lenge vore ei side ved den tyske utgåva av soft power. I 1980 såg regjeringa til Helmut Kohl på det den tolka som den «anti-tyske bodskapen» ved det føreslåtte United States Holocaust Museum i Washington DC som eit trugsmål mot alliansen mellom dei to landa. Den kom med tilbod om å betala 50 millionar dollar for å etablera ei utstilling som skulle fortelja soga om den tyske motstanden og lidingane under krigen og den demokratiske utviklinga etterpå. Tilbodet blei avvist.»
I tillegg til diskusjonen om den tyske antinazismen er det også ein annan grunn som fekk meg til å skriva omtalen av «Learning From the Germans». For lesarar av Klassekampen vil det vera mulig å ta Neimans bok som eit oppløftande teikn i tida. Den handlar ikkje berre om å forstå historia om det førre hundreåret, men også om livskrafta til idear som mange ønsker å fortrenga. Konfrontert med dagens kapitalisme tenker fleire og fleire at vi kan ikkje halda fram å leva slik vi gjer. På ny blir det opna rom for å forstå samtida ut frå kunnskap om sosialismens sigrar og nederlag. Dersom kommunismen blir farga svart, konkluderer Susan Neiman, har nyliberalismen vunne.