Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunstnernes hus ser USA nedanfrå – tre veker før presidentvalet.

USA i svart-kvitt

NYDELEG PORTRETT: Det observerande portrettet av brørne Titus og Ronaldo er ein eigen film-i-filmen i Roberto Minervinis svært innhaldsrike framstilling av livet i det rasistiske USA, «What You Gonna Do When The World’s On Fire?». FOTO: THE MATCHSTICK FACTORY / KUNSTNERNES HUS KINO Okta Film

Å overleva frå dag til dag i sørstatane.

(USA/Italia/Frankrike, 2018)

Regi og manus: Roberto Minervini

Lengde: 2 t. 3 min.

Vist på: Kunstnernes hus Kino i Oslo. Første vising onsdag 14. oktober. Går inn i Roberto Minervini-retrospektiv.

Dei politiske protestane mot rasisme og politivald har gjort 2020 til eit merkeår i amerikansk politisk historie. Samstundes har president Donald Trumps reaksjon på demonstrasjonane skarpstilt skismaet mellom svart avmakt og kvit makt i USA: Presidenten (og Det republikanske partiet) freistar å bruka bilda av kollektiv, svart protest for å skremma kvite forstadsveljarar til å røysta på Trump, jamvel om det ikkje finst tvil om at det er svart underklasse og ikkje kvit middelklasse som er truga på livet i USA.