USA i svart-kvitt
Kunstnernes hus ser USA nedanfrå – tre veker før presidentvalet.

(USA/Italia/Frankrike, 2018)
Regi og manus: Roberto Minervini
Lengde: 2 t. 3 min.
Vist på: Kunstnernes hus Kino i Oslo. Første vising onsdag 14. oktober. Går inn i Roberto Minervini-retrospektiv.
Dei politiske protestane mot rasisme og politivald har gjort 2020 til eit merkeår i amerikansk politisk historie. Samstundes har president Donald Trumps reaksjon på demonstrasjonane skarpstilt skismaet mellom svart avmakt og kvit makt i USA: Presidenten (og Det republikanske partiet) freistar å bruka bilda av kollektiv, svart protest for å skremma kvite forstadsveljarar til å røysta på Trump, jamvel om det ikkje finst tvil om at det er svart underklasse og ikkje kvit middelklasse som er truga på livet i USA.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent