Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den spanske roman-snakkisen «Fedreland» er stødig overført til serieformat i «Patria», men publikum må sjølv læra baskisk historie.

Beiske, baskiske sanningar

ER VENSKAP MOGLEG IGJEN? Bittori (Elena Irureta) og Miren (Ane Gabarain) er bestevener heilt til Mirens son blir involvert i eit ETA-attentat på Bittoris mann. Kan dei forsonast når ETA legg ned våpena? FOTO: HBO NORDIC

«Patria» syr sitt historiske oppgjer over lesten til spansk melodrama.

(Miniserie, Spania, 2020)

Serieskapar: Aitor Gabilondo, etter Fernando Aramburus roman

Regi: Óscar Pedraza, Félix Viscarret

Med: Elena Irureta, Ane Gabarain, José Ramón Soroiz, Mikel Laskurain, Jon Olivares, Loreto Mauleón, Susana Abaitua, Susana Abaitua, Iñigo Aranbarri

Lengde: Åtte timelange episodar

Vist på: HBO Nordic

I 2016 – fem år etter at den venstreradikale, baskiske frigjeringsorganisasjonen ETA erklærte permanent våpenkvile – skapte romanen «Patria» («Fedreland») sensasjon i Spania med si innanfrå-skildring av splitta, baskiske familiar og lokalsamfunn under krigsåra.