Klokt fortalt om «ny» folkesjukdom.
(Kapsalon Romy, Nederland, 2019)
Regi: Mischa Kamp.
Manus: Tamara Bos.
Med: Vita Heijmen, Beppie Melissen.
Lengde: 1 t. 30 min.
«Før trudde eg at eg visste alt, og at bestemor var dum. No veit eg betre», seier Romy (Vita Heijmen) til oss på lydsporet. Vi ser tiåringen sitja i ein frisørstol medan rutinerte hender med velpleidde, raude naglar dreg ein børste gjennom håret hennar. Mormor Stine (Beppie Melissen) har vore grannelagsfrisør heilt sidan ho som ung følgde med feriekjærasten Henk frå fødelandet Danmark til Nederland. No er ho ei eldre enkje, men nektar å gje slepp på salongen som òg er eit samlingspunkt.