Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ny mobbelov trer i kraft ved nyttår

BARN: Frå 1. januar 2021 trer ei ny lov i kraft som forpliktar barnehagane til å ha nulltoleranse mot mobbing og tydelegare reglar for handtering. Lovendringa inneber ei aktivitetsplikt som krev at barnehagane følgjer med på korleis barna har det og undersøkjer og set inn tiltak når personalet har mistanke om at eitt eller fleire barn ikkje har det bra. Det blir òg innført ei skjerpa aktivitetsplikt ved mistanke om at personalet krenkjer barn, og barnehagane blir forplikta til å ha nulltoleranse mot krenkingar som utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering.©NPK