Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Anmeldelse

Mann for sin katt

Nært: Haruki Murakami gjer katten til ein grunnfigur i sitt essay om fedrar og søner.

Essay

Haruki Murakami

Å forlate en katt

Essay

Omsett av Ika Kaminka

Illustrert av Yan Gao

Pax Forlag 2020, 61 sider

Før Haruki Murakami slo gjennom som forfattar, dreiv han jazzbaren Peter Cat i Tokyo. Eg veit ikkje om han serverte mjauhitos der, men frå og med debutromanen «Hør vinden synge» (1979) har i alle fall katten vore ein gjennomgangs-, for ikkje å seie grunnfigur i forfattarskapen, som består av ei lang rekkje romanar og noveller. I «Kafka på stranden» (2002) møter vi ein kattekviskrar. I «Elskede Sputnik» (1999) kviskrar ikkje kattane, men smyg seg rundt i teksten, slik dei også gjer i fleire av dei andre bøkene hans. Sjølv har eg hatt mest sans for novellene i seinare år, særleg i samanlikning med dei mest omfangsrike romanane. I eit av desse omfangsrike verka, «1Q84» (tre band, 2009–2010), inngår ei fornøyeleg novelle med tittelen ‘Kattenes by’.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?