Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ho var vitne til ein av dei dystraste augneblinkane i utelivet i Bergen. No står kulturinstitusjonen Sølvi Rolland har bygd frå botnen, overfor si hittil tøffaste utfordring.

Kulturkjerringa

MOTET I BEHOLD: Sølvi Rolland er teatersjef på Ole Bull Scene i Bergen, det same huset der ho starta i bransjen med å koke kaffi for skodespelarar over 30 år sidan. No står huset overfor den største krisa i hennar tid. Paul S. Amundsen

Gjennom våren og sommaren har show på show blitt utsett eller avlyst på Ole Bull Scene i Bergen sentrum. Scena er rigga for å ta imot 3500 gjestar gjennom fredag og laurdag, men først måtte dei ned til maksimalt 500 innanfor dørene, så 200. Det siste smitteutbrotet i Bergen har ført til endå strengare krav, no er det maksimalt 50 tilskodarar i salen.